Stenging fiske over Foss-fossen.
Sogndal Jeger - og Sportsfiskarlag, i lag med grunneigar på Foss, har vedteke å midlertidig stenge for fiske frå og med Foss-fossen og vidare framover mot Lerheim. Grunn til stenginga av fiske er at det pr. 21.juli kun har passert 19 laks gjennom teljaren i Foss-fossen. Fiske over Foss-fossen blir ikkje opna før oppgangen eventuelt aukar til opp mot normalen. Under Foss-fossen er det pr. no ingen restriksjonar. Dersom det viser seg at vi ikkje når gytebestandsmålet pr. 31.07.17, vil det bli vurdert å innføre restriksjonar også under Foss-fossen. Informasjon blir då sendt alle med årskort på sms, samt informert om på nettsida til SJSL.