Sogndal Jeger- og Sportsfiskarlag har i dag rettigheitane til fiske på Stedje sida, frå fjorden og opp til Flugheimfossen. Med nokon unntak. Sjå fiskekart, med inndelte soner.

Fiskesesongen er frå 1 juli til 31 August. Sjå og oversikt over fisketider Sogn og Fjordane. Fylkesmannen

Som Hoved medlem av Sogndal Jeger og Sportsfiskarlag, kan du kjøpe årskort for fiske i Sogndalselva. Årskortet kostar 2000,- pr sesong. Da kan ein fritt fiske kvar dag, døgnet rundt i fiskesesongen. Unnataket er Møllahølen, her blir fiskedagane trekt ut.

Dagskort kan kjøpast på Stedje gartneri, her er prisen 200,- pr. døgn. (10.00 - 10.00 neste dag)

Utsikt over Møllahølen.

Oversikt over Mølla

Fiskeutvalet Leiar: Yngve Håkonsen
Nestleiar: Roar Svedal