Info fellingsløyver Kaupangerhalvøya
Sjå info frå valdleiar;
Vedlagt er fellingsløyver for 2024. Vi er fortsatt inne i periode 22-24, og det er inga endring på tildelte løyver frå i fjor. Fellingsavgifter er også som før: 270,- for kalv og 450,- for eldre dyr enn kalv.
Minner om at rapporteringsfrist for valdleiar er 10 dagar etter jaktslutt, eg må difor ha rapportering frå valda inne seinast fem dagar etter jaktslutt.
Det er også presisert frå kommunen i år at det er viktig at kjønns- og aldersfordeling på uttak er likast mogleg tildeling sjølv om fellingsprosenten skulle verte låg. Dersom det er skjeivfordeling på dette vert det vurdert å endre tildelinga kanskje i form av færre løyver og endra kjønns- og aldersamansetting.
Sjå også vedlagte informasjonsskriv frå kommunen
Fri kvote på hjortekalv vert vidareført også for 2024. Informasjon om ordninga vert sendt ut like før jaktstart.
Eg har også fått spørsmål om årsmøte. Dette fekk eg ikkje til til å halde i vår, men det vert gjennomført årsmøte no i løpet av hausten. Innkalling kjem. Mvh Rune N Valeberg