Jegerprøven er sett saman av eit obligatorisk kurs og ein teoretisk eksamen. Det obligatoriske kurset er på 30 timer fordelt over 9 kveldar. Teoretisk eksamen er ein skriftlig prøve med 50 spørsmål, og det er opp til den enkelte å førebu seg til eksamen. Til kurset høyrer det til to lærebøker som begge gir nødvendig kunnskap for å klare eksamen. Jegerprøven kan du avlegge allereie frå fylte 14 år. Personar under 18 år må ha løyve frå føresett for å kunne ta Jegerprøven.

Jegerregisteret

Alle som skal drive sjølvstendig jakt og fangst i Noreg, skal betale jegeravgift. Når ein har gjennomgått det obligatoriske kurset og stått til eksamen, blir ein ført opp i Jegerregisteret i Brønnøysund. Alle personar i jegerregisteret får kvart år frå og med fylte 16 år automatisk tilsendt blankett for innbetaling av jegeravgift. Jegeravgifta kan berre betalast på tilsendt blankett. Oppføringa i Jegerregisteret er ikkje tidsavgrensa, men viss ein lar være å betale nokre år, vil ein slutte å få innbetalingsblanketten tilsendt. Du må då kontakte Jegerregisteret dersom ein ønskjer å få den tilsendt igjen.

Aldersgrenser for utøving av jakt

Sjølvstendig jakt på småvilt kan ein drive frå ein er fylt 16 år, og storviltjakt frå fylte 18 år. Jaktopplæringa kan likevel starte når ein har fylt 15 år, og ein kan delta med gevær i småviltjakt. Når ein har fylt 16 år kan ein delta i storviltjakt, under føresetnad at vedkommande har løyve frå føresette, og er under forsvarlig tilsyn. For slik jaktopplæring er det ikkje krav om å betale jegeravgift. Jegerar som skal jakte på gaupe, rådyr, elg, hjort eller villrein, må avlegge minst 30 treningsskot og ta ein årleg skyteprøve. Alle som har fylt 16 år, må ha tatt jegerprøven eller stå i jegerregisteret dersom dei vil drive jakt.


Kontaktperson: Sjur Dale: 482 25 770 E-post sjurdale@online.no