Hytta ligg på Jarbruene, ca 850 m.o.h., ein times gange frå bilveg. Hytta ligg kvarters gange. Jarbruene/Fageregga er også eit vakkert skiområde som vert mykje nytta på seinvinteren. Hytta vart oppført i 2002 og inneheld det eit uthus som er kombinert vedbod og do.

Kontakt BoGrønt Stedje gartneri for å leige hytta. Dei har oversikt over når hytta er ledig, og ein kan betale direkte ved booking.

Dugnad

Hytta trengs eit strøk med beis. Nokon som vil hjelpa til?

Prisar

I påska kostar hytta kr 200 pr døgn, medan prisen om sommaren er kr 100 pr døgn, i tillegg til dette kjem det eit tillegg på kr 20 pr. person pr. døgn. På vinterstid går det urimeleg mykje ved for å få varme i hytta, skal hytta vera open også i desse månadene så må leigeprisen minst opp på line med påskeprisen.

Mobil-, Radio- og TVtilhøve

Det er dårlege høve for mobilsamtalar på hytta men me har sett opp ei utvendig antenne for å bøte på dette. Dersom ein ynskjer å nytte denne må kvar enkelt kjøpe/låne ein overgang som passar til sin eigen mobil og så koble denne saman med antenneleidningen. På hytta har me radio samt TV med NRK kanalane. Ver merksam på at TVen trekker ein del straum og bør brukast med varsemd.

Til sist vil hyttestyret minne om at hytta skal vera røykfri!

Sogndal 7. februar 2010
Hyttestyret
v/ Ove

Historie

Me har i mange år leigd hytte på Jarbruene, dei siste åra har kontrakten vorte fornya for eit år om gangen då eigaren ville ha mulegheit til å ta attende hytta til eige bruk. Sommaren 2001 bestemte eigaren seg så for å disponere hytta sjølv. Dette gav næring til tankane om ei eiga hytte i same området. Grunneigarane var særs positive til denne tanken og skreiv under løyve til bygging. Styret i jakt og fiskelaget oppnemnde ei prosjektgruppe som skulle ta seg av planlegginga, søknader osv. Gruppa, i samarbeid med styret, bestemte seg for å føre opp ei maskinlafta Honndalshytte, søknad om dispensasjon til tiltaket vart sendt til kommunane Sogndal og Leikanger i februar 2002. Søknaden vår vart godkjent i Utval for plansaker i Sogndal Kommune den 26.06.02 og i Leikanger kommune den blei sett til beising av vestveggen