Sogndal jeger og sportsfiskarlag vart stifta i 1967, og er tilslutta Noregs Jeger og Fiskeforbund. Laget har i dag omlag 200 medlemar av ulike aldersgrupper men med tyngda på jegerar. Laget har og ei aktiv ungdomsgruppe, der målsettinga er å få barn og ungdom med på ulike aktivitetar innanfor jakt, fiske og friluftsliv.

Ved å bruke menyen til venstre kan du få sjå litt av det vi har av aktiviteter og tilbod til våre medlemmer og andre som ønsker å melde seg inn.

Som medlem har du tilgang til Jarbruhytta, som ligg sentralt til på Fagreggji. Laget har og ei eiga lagshytte i Sogndal sentrum som kan nyttast til ulike aktivitetar. For å bli medlem i laget, kan du melde deg inn gjennom internettportalen til NJFF eller kontakte oss på E-post.